Bygdebøker

Ei rekke bygdebøker med lokalhistorie om dei tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden er gitt ut, og fleire vil koma i dei næraste åra.

Bildebanner for bygdebøkene - Klikk for stort bilete

Hausten 2023 blir dei to første banda i serien Øygarden bygdebok lansert. Det er planlagt i alt sju bøker, to med generell historie om «gamle» Øygarden og fem med gards- og slektshistorie. Dei to bøkene som kjem i år er:

  • Band 1: Fangstfolk og fiskarbønder – tida fram til 1870. Forfattar: Frode Fyllingsnes.
  • Band 3: Gard og slekt, gardsnummer 201-207. Forfattarar: Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø.

Både dei nye bøkene og dei tidlegare utgitte bygdebøkene for Fjell og Sund kan kjøpast i innbyggartorga på Straume, i Skogsskiftet og på Rong, i tillegg til i bokhandlane på Sartor storsenter og i alle store nettbokhandlar. Bøkene i serien Øygarden bygdebok er også til sals gjennom Øygarden sogelag.

Følg Bygdebøkene på Facebook og Instagram

For meir informasjon og prisar, klikk på boksane under.